Skinnande messing-gul heng ho der og varslar om tida,
hakkar dagane fram time for time..
Av: Knut Espelid
I eit sekund flyttar tida seg til 1868, til den ruvande kapteinsbygningen på Gullnes. Mining captain John Dawes studerer kassadagboka. Sommaren for to år sidan kom han, saman med to av sønene sine, til denne avsides delen av Noreg. Seinhaustes kom kona og tri born etter. I to år har Dawes styrt Gullnes koparverk. men no har prisane på kopar falle. Gruveselskapet vil leggje ned.
Gullnesklokka kom til Seljord Sparebank frå Østtveiten på Seljordshei, ei gåve frå Olav Gravalid. Urmakar Olav Haugan har hatt ho til reparasjon. Han slår fast at klokka er engelsk. Verket er mykje likt dei engelske klokkene Jaran Rynjom tok modell av til klokkene han laga. Men Gullnesklokka har ikkje langvisar, bare timevisaren.
Konservator Bjørn Ivar Berg ved Norsk Bergverksmuseum på Kongsberg opplyser at engelskmennene kom til Gullnes med Bratsberg Mining Company Ltd. i 1863, og dreiv til 1873. Gruva hadde då lege nede sidan slutten av 1700-talet. Kanskje hadde Dawes med seg klokka på flyttelasset frå England.
Kaptein Dawes kikkar opp på klokka på veggen. Trugande tikkar ho minutt til timar. Med sterke slag som av ei kyrkjeklokke varslar ho kvar time, kvar ny arbeidsdag, og når arbeidsdagen er slutt. For John Dawes varslar klokka meir enn arbeidsdagen. I protokollen er spalta for debet trugande lang og kredit-tala småføre. Porteføljen er brukt opp. Det går mot slutten for ei av dei eldste gruvene i Noreg.
Bratsberg Mining Company Ltd. investerte mykje i Gullnes. I "Bergverksnytt" nummer 23 for 1919 fortel den siste som arbeidde der, Bjørn Bekkhus, til Kjetil Kvaale at det i 1863 og -64 blei sett igang med stor arbeidsstyrke. Det blei bygd hus for styraren og arbeidsfolka. Vegen frå seljord opp Kivledalen til Sanden blei bygd, og ei mengd materiell til verket blei frakta inn.
Tida tikkar. Kanskje tenkjer John Dawes gjennom 350 års gruvesoge. I 1524 fekk biskop Mogens i Hamar kongeleg mutingsbrev på Gullnes. I 1537 ville kong Christian 3. få igang drift. Han tinga bergmeister Hans Glaser frå Sachsen til å stå for drifta. I 1539 kom Glaser til Telemark med ein flokk tyske bergmenn. Men bergfanten blei ikkje godt motteken. Bøndene i Telemark gjorde felles sak mot tvangsarbeid og plikt til å skaffe hus og mat til tyskarane. Stolte, sjølveigande bønder ville jaga tvangstrøyene or landet, men blei møtt av kongens krigsmakt, overmanna og ilagt harde bøter. Fem menn blei avretta, ein sjette måtte vera bøddel.
I 1870 overtok Bratsberg Mining Company Ltd. gruvedrifta på Åmdals Verk, og Dawes blei overflytt dit som styrar. Frå Åmals Verk fortel kjeldene at Dawes dreiv på dårlege malmgangar den tida han styrde for selskapet. Seinare leigde han verket, og dreiv rovdrift på oppspart malm.
Etter at Bratsberg Mining Company Ltd. gav opp drifta på Gullnes, overtok Dawes som eigar. Bjørn Bekkhus arbeidde for han. Hadde Dawes spart att malmførande gangar der óg, og hadde ein plan om å gjera pengar på drifta? I alle fall var det prøvedrift i 1890-åra.
Kanskje tenkjer Dawes på ordet som går: Det vil ikkje fylgje noko signing med desse gruvene. Folk trur det kjem av at det blei fare så urett fram mot bøndene. Dei vil óg ha det til at bergrisen ikkje likar all hakkinga i fjellet. Dawes hugsar det er fortalt at sju tyske bergmenn blei innestengde i gruva tidleg på 1600-talet.
- Då me arbeidde i Kongsgruva fekk me sjå at det var sant som segna seier. Det var særs uhyggeleg då me kom så langt at me fann bein av dei tyske bergfolka som døydde der nede. Reidskap fann me óg, fortalde Bjørn Bekkhus i 1919.
John Dawes døydde i England i 1901. Sonen hans Adalbarth William Dawes, overtok Gullnes. I 1916 selde han til Kristiania minekompani. Seljord kommune nytta forkjøpsretten og tok att eigedommen i 1917, og åtte han til 1935.
Innbu og lausøyre blei selt på auksjon. Kanskje var det då klokka kom på handel. Lavrants Østtveiten har fortalt at bestefar hans kjøpte klokka på auksjon på Gjelstad. Slik kom ho til Østtveiten.
Andre kjelder meiner klokka aldri var på Gullnes. Ho hekk på Nordgarden i Seljord. Før gruvedrifta blei teken opp att i 1863, høyrde Gullnes til Nordgarden.
Som eit einsleg minnesmerke over vona om rikdom, står kapteinsbygningen på Gullnes. Han har fått namnet sitt etter kaptein Dawes. Det same har ein gruvegang, Dawes stoll.
På veggen i Seljord Sparebank heng Gullnesklokka og vitnar om ei hardfør tid og bergmannens uslitelege tru på bergets løynde skatt.