Litt historikk om Gullnesdalaren/Gimsøydalaren (som banken brukar i div. marknadsmateriell)
Christian III, konge av Danmark og Norge var ansvarleg for to myntproduksjonar (utmyntinger) i Norge. Den fyrste var i Bergen i 1537 og den andre i 1543, dette skjedde i overgangen frå middelalderen til nyare dansk/norsk mynthistorie.
Den norske myntproduksjonen i 1543 foregjekk i det nedlagde nonneklosteret i Gimsøy i Skien. I 1536 hadde landet vore gjennom reformasjonen, og det katolske klosteret på Gimsøy var tømt for nonner. I desse lokala skjedde myntproduksjonen.
I 1546 blei det prega ein stormynt, den fyrste norske dalar, eller sølvgylden. Etter at ein brann herja Gimsøy kloster i 1546 blei utmyntinga nedlagt og sølvet blei sendt til København for å bli prega der.
Den fyrste norske dalar, ein sølvgylden, blei støpt av norsk sølv som var eit biprodukt frå Gullnes Kopparverk i Seljord.
Det er motivet frå denne sølvgylden Seljord Sparebank i dag brukar på brevark, diverse trykksaker og som motiv på bankkorta våre.