Hopp til innhold

Nettbank Privat / Bedrift

FORRETNINGSIDÉ 

 

Seljord Sparebank skal vera ein solid og tillitsfull lokalbank som skal dekke kundane sine behov for økonomiske løysingar til beste for det distrikt vi skal tene.

GRUNNLAGET FOR VERKSEMDA

Hovudverksemda skal vera tradisjonell bankverksemd tillagt dei produkt som naturleg høyrer til for å bli oppfatta som eit fullverdig finanshus.

Seljord Kommune er vårt primær område, men heile Vest-Telemark er definert som vårt naturlege virkeområde.

Seljord Sparebank skal framstå som ein samfunnsinstitusjon med ryggrad, og truverdig i sin medverknad til å taka i vare og vidareutvikle nærings- og kulturliv i distriktet på ein positiv måte.

Seljord Sparebank skal halde høg fokus på kundepleie. Tilsette saman med tillitsvalde på alle plan i organisasjonen skal arbeide innanfor dei krav og normer som samfunnet stiller. Krav til god forretningsmoral og etikk gjeld både i forhold til kundar og internt i banken mellom tilsette og styrande organ.

Seljord Sparebank skal gjeva råd og rettleiing så godt vi evnar utan at berre eigen forretningsmessig gevinst skal stå i fokus. Dette skal legge grunnlaget for eit livslangtlangt kundeforhold, til gagn og nytte for kunden, banken og distriktet.