Seljord Sparebank ynskjer å vera ein tilgjengeleg bank og vi legg stor vekt på personleg service.
Seljord Sparebank er ein frittståande sjølvstendig sparebank som blei etablera i 1937, men har tradisjonar attende til 1865.
Vi ynskjer å drive ein sjølvstendig bank som er stor nok til å gje god personleg service for kundane våre.
Banken sitt hovudkontor ligg i Seljord sentrum. Vi har og eit avdelingskontor på Fristadsenteret i Åmot i Vinje.
Som ein lokal sjølvstendig bank kan vi legge vekt på lokale forhold når vedtak skal gjerast. Som kunde kan du forhalde deg til ein kunderådgjevar du kjenner, og behandlingstida er kort.
Når du ringer sentralbordet i åpningstida skal du sleppe å møte ein telefonsvarar, hjå oss er det ein tilsatt som tek telefonen.
Som medeigar i Terra Gruppen as kan vi by deg som kunde eit komplett tilbod av produkt du har behov for. Som forsikring, finansiering, kredittkort, leasing, betalingsformidling og sparing- og plasseringsprodukt.
Seljord Sparebank har som mål å tilby gode og konkurransedyktige produkt, til rett pris.